 |
 |
Av |
 |
Innlegg |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
hüter'n
Slushpuppy!

Ble Medlem: 18 Feb 2004 Innlegg: 2008 Bosted: på nettet, vel
|
nynorsk tentamen, værsågod, les!
fikk 4+ på denne greia. takk for at du gidder å lese...
PLASTMAPPE OG AFROAMERIKANAREN
Noregs svar på ein afroamerikanar! Endeleg har eg funne ut kva eg er. Min plass i samfunnet. Kvit som dei andre bleikingane, like norsk som dei i passet, men i sjela er eg svart som berre det! det har vel alltid vore sånn, heile oppveksten min har bore preg av det; fattige, valdelege foreldre med lite til overs for anna enn sprit og krangling. Ein er fødd inn i det, og kan ikkje forlate det. Trur eg.
No som eg har funne ut kva eg er, må eg begynne å oppføre meg som det. noke som resulterar i at eg er på veg ut frå skulen, berre fordi læraren ba meg halde kjeft. Mens eg prøvar å finne ut om læraren kjem etter meg utan å snu på hovudet, tenkjer eg at det er like greit å bli ein del av statistikken med ein gong. Den statistikken som seier at om foreldra dine er på skråplanet, kjem du til å hamne der og.
Det kjem ingen lærar, det er vel like greit, så eg slepp å verte utvist frå skulen for å ha slått ned ein lærar, meiner eg. Eg speglar meg i dei skitne bilrutene på parkeringsplassen. "hei" seier eg til den lysande jenta på ruta. "du er pen" seier eg nøgd. Pen, men utspekulert og slem.
Eg går vidare. Sola skin og reflekterer spegelbiletet mitt frå alle bilane. Alle utanom ein. Ved den står det ein gut. Ein virkelig pinglete, tynn gut, med skjorte og penbuksar.
Eg går bort til han. Ser på bilen han lener seg på, ein ny, dyr BMW. Han seier ingenting. Eg lenar meg mot bilen, som han. "ikkje rør bilen, eg hentar vaktene!" Han seier det på ein måte som får meg til å tru at han berre treng knipse for å hente vakter. Eg flyttar meg, men hugsar på at eg er ein afroamerikanar, om enn norsk, og gjenoptar stillinga mi. " du henger på min parkeringsplass!" Eg prøvar meg no. For alt eg vet, kan guten henge her kvar deg, men det ser ikkje slik ut. Eg er aldri her.
"far min eig han," seier han, fortsatt med denne giddalause tonen, eg begynner å lure på om han i det heile tatt bryr seg om noke. "jævla rike sossefolk...trur de eig samfunnet!" Det kom automatisk. Eg smilte inni meg. Endeleg, tenkte eg, endeleg fekk eg utspill for kjenslene. Ein norsk afroamerikanar.
Han tende ein røyk, trekte inn, blåste ut mot sola. "vi rike sossejævlane eig verda, samfunnet, derimot, fyld med sånne som deg er ikkje noke å eige..." Plutseleg var eg ikkje så tøff i trynet lengre. Fullstendig sett fast var eg, men viste det ikkje. Avstanden mellom den glødande tuppen og filteret på sigaretten blei kortare. Eg såg misunneleg på at han trekte inn igjen. Eg røyka berre rullings, lenge sia forrige ferdigrøyk nå.
Han rekte meg røyken. Eg tok forfjamsa imot. "de hatar verda, vi eig verda, nokon bygger verda, men ingen forstår ho! Ettersom korkje dei som hatar ho, dei som bygg ho eller dei som eig ho er lykkelige, burde mennesket gå inn for å forstå ho!"
Skjorta hans var tynn, men det såg ikkje ut som han fraus. Bilen var blitt varm i sola. Heile våren fordampa. Røyken hadde visst fordampa den og, eg hadde glemt den etter andre trekket, og no var den brent inn til filteret. Eg kom på at eg hadde fått den av ein gut eg eigentleg skulle hate.
"eg er sikker på at om ein forstår verda, forstår ein at den einaste utgongen av dette helvetet er å ta sjølvmord." Orda dukka opp etter kvart som eg sa dei. Eg forstod faktisk kva eg sa! "den enklaste løysninga, kanskje, den andre er å opplyse folketog forandre verda"
"det høyrast jo lettvint ut" sa eg oppgitt. "det kjem ann på kven du er. om du kan kjempe for at andre skal få verdsforståinga di går det sikkert greit. men ingen som eg veit om har rukke å forstå verda på 80 år. litt knapp tid, muligens" han trekk på aksla, sukkar.
"eg har ikkje tenkt å leve til eg vert 80, eg vil døy ung for ein sak eg trur på!" i eit augeblinks angst såg eg meg sjølv for meg på gamleheimen, rynkete og galen. "mens eg heller lever lenge for ein sak eg trur på!"
"kvifor tenkjer du slik? rikingar skal tenkje på korleis dei skal få mest pengar, ikkje på å forstå verda!" plutseleg blei eg afroamerikanar igjen, og måtte forsvare folket mitt. "så er eg vel ikkje ein riking i sjela, da" han såg på meg, og augo hans skifta farge, eg kunne ikkje seie nøyaktig kva for ein farge dei hadde. Han begynner å gå.
"kom"seier han. Eg føl etter han, vi går ut av parkeringsplassen, men eg kjenner meg ikkje igjen. Vi går ut på eit tak. Står der og ser utover byen.
"du er ingen afroamerikanar. du er ein grublar!" han ler, og augo hans får ein enda meir udefinerbar farge. Eg blir redd, lurar på korleis han veit at eg er ein afroamerikanar, eg har ikkje sagt det til nokon. Plutseleg begynner taket vi står på å dreie, og ting skiftar farge. Sola blir blå¨, lyset blir blått og eg vert reddare. Eg klamrar meg til guten uten ordentlig farge på augo, som eg ikkje aner kva heiter.
"kva heiter du?" kviskrar eg medan eg stirrar redd og betatt på fargene som skiftar. "aner ikkje. må eg heite noke?"han ser på meg, og endeleg har augo hans stoppa på ein farge. Dei er køl svarte.
"ja" sier eg "du må heite noke! kan eg finne på eit namn til deg?" eg er ikkje så redd lenger, har vendt meg til dei skiftande fargene, men nå sluttar dei å skifte. dei stoppar på blått. Nå er alt i heile varda i forskjellige blåfarger. "hmm. du kan finne på eit namn til meg om du slutar å leike afromaerikanar og fortsett å tenkje slik du gjer nå"
Eg blir glad, det er første gongen eg får lov til å gi nokon eit namn. Så stoppar alle tankane mine opp. Eg finn ikkje på noko namn. "plastmappe" høyrer eg meg sjølv si "du kan heite plastmappe" eg begynner å lure på kva som eigentlig skjer, kvifor eg kalte guten for plastmappe!
"takk!no har eg fått eit namn, men du må snart stå opp. Dette er det som heitar "berre ein draum" men løfta dine gjeld og når du er vaken!"
Han begynner å blinke, så fort har alle fargene begynt å skifte "men må du gå nå da? vent litt!" eg vert desperat, undrar meg om eg ikkje kan bil i draumen min. "du skal vakne no! hugs å fortsettje å gruble!"
Eg er vaken no. Men orkar ikkje stå opp, er heilt utslitt av draumen. Men eg burde forstått at det var ein draum. Eg ville aldri gått ut av klasserommet berre fordi læraren ba meg halde kjeft! Eg røykar ikkje. Og eg ville uansett ikkje kalt guten for plastmappe. Eller ville eg det? Men løftan gjeld også i vaken tilstand.
|
Skrevet: Fre 26 Mar 2004, 00:53 |
 |
|
|
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
QIQrrr
Hurrafantastisk


Ble Medlem: 05 Jan 2004 Innlegg: 1314
|
Bra!
|
_________________ Det finnes ingen reelle motsetninger i denne verden forutsatt at man beskjeftiger seg med fakta og den observerbare virkelighet.
Skrevet: Fre 26 Mar 2004, 01:33 |
 |
|
|
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
hüter'n
Slushpuppy!

Ble Medlem: 18 Feb 2004 Innlegg: 2008 Bosted: på nettet, vel
|
takker...nynorsk er noe skit, men dette var tja...en anelse abstrakt...
|
Skrevet: Fre 26 Mar 2004, 01:36 |
 |
|
|
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
Tittan
Erkegranul


Ble Medlem: 17 Mar 2004 Innlegg: 3272 Bosted: Trondheim
|
Hører på nyhetene at regjeringen vil ta vekk sidemål-eksamen! Man skal fremdeles lære sidemål, men slipper å ha eksamen i det. (Hvis regjeringen får det som de vil, noe jeg tviler på )
|
_________________
Sjefolainen!
Skrevet: Fre 26 Mar 2004, 08:38 |
 |
|
|
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
hüter'n
Slushpuppy!

Ble Medlem: 18 Feb 2004 Innlegg: 2008 Bosted: på nettet, vel
|
i år har jeg fire store prøver mer enn nødvendig fordi de vurderer å fjerne skriftlig eksamen helt...heldige lille meg!
|
Skrevet: Fre 26 Mar 2004, 09:00 |
 |
|
|
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
ståpåhodet
OoaHelaNatten


Ble Medlem: 10 Mar 2004 Innlegg: 457 Bosted: i en haug med sjokolade
|
en bra fin stil, orginal hvar den også til tider. men slutten, våkne opp og finne ut at alt var en drømm er ikke spennenede. men ellers er jeg imponert
|
_________________ - people who hate people. come together
- no
RIP Bill Hicks, the good die from unhealthy causes
Skrevet: Søn 28 Mar 2004, 18:59 |
 |
|
|
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
hüter'n
Slushpuppy!

Ble Medlem: 18 Feb 2004 Innlegg: 2008 Bosted: på nettet, vel
|
jeg hadde skrevet åtte sider for hånd...bare kladd..måtte ha en slutt. jeg er misfornøyd med slutten, og resten 
|
Skrevet: Ons 31 Mar 2004, 13:37 |
 |
|
|
 |
 |
 |
 |
Vis Innlegg fra: Sorter etter:
|
 |
 |
|
|
Du kan ikke starte nye temaer i dette forumet Du kan ikke svare på temaer i dette forumet Du kan ikke endre dine egne innlegg i dette forumet Du kan ikke slette dine egne innlegg i dette forumet Du kan ikke delta i avstemninger i dette forumet
|
|